TræFFO
Idrettskulen var ein suksess
Forfatter: Saravin Sadasaralingam
09. mars 2023
Fotball
Håndball
Forside
Allidrett
E-sport
Boccia
I vinterferien arrangerte SK Træff, Idrettskule 2023. 10 deltakarar var samla frå mandagen til onsdagen, og fekk prøvd seg i mange forskjellege idrettar.
SK Træff testa i vinterferien ut eit nytt konsept som ikkje har blitt arrangert her før, nemleg idrettskule. Her fekk deltakarane prøvd seg i idrettar som fotball, handball, turn, friidrett, e-sport, basketball og innebandy blant anna.
7 gutar og 3 jentar deltok på denne idrettskulen, og SK Træff håpar på at dette kan vere starten på eit nytt prosjekt for SK Træff. Deltakarane fekk blant anna lunsj på det nye lokalet vårt, Træffpunktet. Træffpunktet blei også brukt til sosiale samlingar og til e-sport aktiviteten.