[email protected]


Logo
Bli medlem
TræFFO

Vellykket åpning av Træffpunktet

Forfatter: Saravin Sadasaralingam

11. april 2023

Fotball
Håndball
Forside
Allidrett
E-sport
Boccia
News article image

2. Påskedag inviterte SK Træff alle i klubben til serieåpning i PostNord-ligaen, og til den offisielle åpninga av Træffpunktet. Åpninga av Træffpunktet blei ein stor suksess.

2. påskedag var det klart for serieåpning for herrelaget i PostNord-ligaen, og den offisielle åpninga av Træffpunktet etter kampen.

Kampen mellom Træff og Brattvåg endte dessverre med 3-0 tap for Træff sin del, men likevel var det mange fra bredden som møtte opp til åpninga av Træffpunktet etter kampslutt.

Før kampstart så var det sosial sammenkomst på Træffpunktet, kor deltakarane FIFA og bordtennis, og fekk minglet. Hovudtrenar Øyvind Høgmo var også innom for å snakke om kampen mot Brattvåg og tanker rundt årets sesong. Dette var kjempestas for dei frammøtte. Mange av yngre som møtte opp fekk vere maskotter og følgde Træffspelarane ut på bana før kampstart. Dette synes dei var ein kjempeopplevelse.

Etter kampslutt møtte rundt 30 barn opp på Træffpunktet for mingling og gaming. Her fekk dei frammøtte servert pizza og brus, som alle var fornøgde med.

Vi i SK Træff ønsker å rette ein stor takk til E-sportalliansen for støtte, som gjorde at det var mogleg å legge til rette for denne offisielle åpninga av Træffpunktet.

Vi minner om at Træffpunktet er åpent kvar onsdag mellom kl. 13 og 16, kor det er mogleg å få leksehjelp, game, spele bordtennis og ha ein sosial sammenkomst etter skuletida.