Velkommen til serieåpning og offisiell åpning av Træffpunktet
Forfatter: Saravin Sadasaralingam
09. mars 2023
SK Træff inviterer til storslått serieopning mot fylkesrival Brattvåg, den 10. april klokka 15. Denne dagen vil vi også ha den offisielle opninga av Træffpunktet.
Andre påskedag inviterer SK Træff alle i byen og tilreisande til serieopning mot fylkesrival Brattvåg klokka 15.
Før kampen inviterer vi heile breidda avdelingen til eit opplegget på nye Træffpunktet, der programmet startar klokka 13:55. Vi ønskjer at folk er på plass 13:45, sann at alle er på plass når vi får storbesøk av trenarteamet til Træff og kanskje ein overaskelse eller to.
Etter besøket av trenerteamet så vil det vere mogleg å spele litt FIFA, bordtennis og andre ting på Træffpunktet. Litt før kampstart vil maskoten Tare følgje heile gjengen ut på tribuna, og alle i breidda har gratis inngang til kampen.
Vi håpar alle som møter opp til kampen heiar Træff fram til seier, vi vil høyre dokke gjennom heile kampen. I pausen blir det konkurranse for alle som møtte opp i Træffpunktet, konkurransen blir avslørt på kampdagen.
Etter kampen vil vi ha den offisielle opninga av det nye lokalet, Træffpunktet. Her skal vi ha turneringar og mykje meir. Vi stiller med mat og drikke, og vi håpar du kan stille med godt humør.